Spørsmål?

Ærlige svar – uten papirkaos.

Har du spørsmål? Snakk med Kristoffer.

Kristoffer er prosjektleiar for LYFT Nissedal. Han svarar på alt frå «Er dette noko for meg?» til «Korleis fyller eg ut skjemaet?» Det er heilt greitt å vere usikker. Her får du ærlege svar – utan papirkaos.

📞 41 23 45 67
✉️ kristoffer@nissedal.kommune.no

Ofte stilte spørsmål

Ofte lurer man på de samme tingene.
Se om spørsmålet ditt er besvart tidligere i listen under

Er det vanskeleg å søkje?

+

Nei, det er ikkje vanskeleg å søkje. Vi har gjort søknadsprosessen så enkel og brukartilpassa som mogleg. Du får god rettleiing undervegs, og det er låg terskel for å ta kontakt om du treng hjelp eller har spørsmål. Vi ønskjer å støtte gode idéar, ikkje skremme deg med kompliserte skjema.

Må eg bu i Nissedal for å søkje?

+

Nei, du treng ikkje bu i Nissedal for å søkje. Det viktige er at prosjektet ditt har verdi for Nissedal-samfunnet – det kan til dømes skape arbeidsplassar, bidra til næringsutvikling, eller styrke lokalsamfunnet på andre måtar.

Kor mykje støtte kan eg søkje om?

+

Det heile kjem an på storleiken på prosjektet ditt. Støttebeløpet blir vurdert ut frå kostnadene og kva effekt prosjektet ditt kan ha for utviklinga i Nissedal. Vi ser på både små og store prosjekt, og tilpassar støtta deretter. Vi kan òg rettleie deg i å søkje om støtte hos andre relevante aktørar som Innovasjon Norge og Siva.

Om eg får støtte til prosjektet mitt – kor mykje papirarbeid blir det undervegs og i etterkant?

+

Det blir ikkje mykje papirarbeid. Omstillingsprogrammet i Nissedal er tufta på tillit og effektivitet. Vi ønskjer at tida di skal gå til å gjennomføre prosjektet, ikkje til dokumentasjon. Det blir nokre enkle rapportar, men vi held byråkratiet på eit minimum.

Kor lenge varer omstillingsperioden for Nissedal?

+

Omstillingsperioden varer i om lag 5 år. I denne perioden skal vi jobbe aktivt for å utvikle nye moglegheiter, støtte initiativ og bygge eit meir robust næringsliv i kommunen.

Hva skjer i Lyft Nissedal?