Grip sjansen

– lyft di idé med oss.

Nedanfor finn du våre innsatsområde.

Vår visjon er:
Vi skal utnytte og bevare naturgjevne fordelar for å skape verdas beste bygd å bu, leve og utvikle seg sjølv og verksemder i.

Foto: Kjetil Kalis

Støtte og utvikling av næringslivet

Eit sterkt og mangfaldig næringsliv er avgjerande for framtida til Nissedal. Vi satsar på innovasjon, kompetanseheving og samarbeid for å styrkje både eksisterande og nye verksemder. Gjennom målretta tiltak og søkbare midlar legg vi til rette for vekst og utvikling i heile kommunen.

Foto: Kjeti Kalis

Verdas beste oppvekstbygd

Vi vil skape eit trygt, inkluderande og inspirerande lokalsamfunn der barn og unge får vekse opp med gode tilbod, sterke fellesskap og framtidstru. Gjennom satsing på oppvekstmiljø, fritidstilbod og samarbeid med skule og frivilligheit, skal Nissedal bli ein føregangskommune for oppvekst i distrikta.

Foto: Kjetil Kalis

Utvikling av Nissedal

Vi skal styrkje identiteten og samhaldet i kommunen, og utvikle attraktive bumiljø for folk i alle aldrar. Dette handlar ikkje berre om bustader og infrastruktur, men også om å byggje ein utviklingskultur – ein kultur prega av tillit, samarbeid, vilje og framtidstru. Vi satsar på strategisk kommunikasjon, møteplassar og felles identitet som grunnlag for eit samla og utviklingsorientert Nissedal.

Har du spørsmål?
Snakk med Hege Marie

Hege Marie er midlertidig prosjektleiar for LYFT Nissedal.

Hege Marie Mandt
474 42 313
hege.marie.mandt@nissedal.kommune.no