Utvikling av Nissedal
Vi skal styrkje identiteten og samhaldet i kommunen, og utvikle attraktive bumiljø for folk i alle aldrar. Dette handlar ikkje berre om bustader og infrastruktur, men også om å byggje ein utviklingskultur – ein kultur prega av tillit, samarbeid, vilje og framtidstru. Vi satsar på strategisk kommunikasjon, møteplassar og felles identitet som grunnlag for eit samla og utviklingsorientert Nissedal.