LYFT NISSEDAL er omstillingsprogrammet for Nissedal – eit tidsavgrensa, offentleg støtteprogram som gir økonomisk støtte, rettleiing og nettverk til gründerar og verksemder som ønskjer å etablere seg, vekse eller skape noko nytt.
LYFT NISSEDAL skal komme lokalsamfunnet til gode og varer berre ei stund. Når tida er ute, forsvinner midlane – så ikkje vent, ta kontakt i dag.
Omstillingsprogrammet er fleksibelt, raskt og tilgjengeleg. Vi vil gjerne høyre frå deg – enten du tenkjer stort eller smått. Kristoffer er prosjektleiar for LYFT Nissedal. Han sparrar gjerne med deg om ideane dine, uansett kor langt du har kome på vegen. Her får du ærlege svar – utan papirkaos.
Kristoffer Lyngvi Omstillingsleiar 46 46 58 79 kristoffer.lyngvi@nissedal.kommune.no