Lyft Nissedal held styremøte måndag 8. september. Møtet er ein viktig del av omstillingsarbeidet i Nissedal kommune, og samlar styret for å drøfte status, framdrift og nye tiltak som kan bidra til utvikling og verdiskaping i kommunen.
Tid og stad: 8 september
- Kl. 09:00 – Treungen Teknologipark
- Kl. 12:30 – Telemark Panorama Servicesenter
📄 Saksliste og dokument:
👉 Opne møteportalen
Omstilling for heile Nissedal
Lyft Nissedal er eit breitt omstillingsprogram som skal styrke utviklingsevna i kommunen – ikkje berre gjennom næringsliv, men også gjennom bustadutvikling, kultur, inkludering, oppvekst og fellesskap.
Programmet har som mål å:
- Skape gode bumiljø for alle aldrar og livsfasar
- Byggje felles identitet og fellesskapskjensle
- Auke robustheit og mangfald i næringslivet
- Gjere Nissedal meir attraktiv som stad å bu, jobbe og besøke
Omstillingsarbeidet krev samarbeid mellom innbyggjarar, næringsliv, politikarar og administrasjon – og styremøta er ein viktig arena for å sikre framdrift og forankring.