Spørsmål?

Har du spørsmål? Snakk med Hege Marie.

 

📞 474 42 313
✉️ hege.marie.mandt@nissedal.kommune.no

Ofte stilte spørsmål

Ofte lurer man på de samme tingene.
Se om spørsmålet ditt er besvart tidligere i listen under

Er det vanskeleg å søkje?

+

Nei, det er ikkje vanskeleg å søkje. Vi har gjort søknadsprosessen så enkel og brukartilpassa som mogleg. Du får god rettleiing undervegs, og det er låg terskel for å ta kontakt om du treng hjelp eller har spørsmål. Vi ønskjer å støtte gode idéar, ikkje skremme deg med kompliserte skjema.

Må eg bu i Nissedal for å søkje?

+

Nei, du treng ikkje bu i Nissedal for å søkje. Det viktige er at prosjektet ditt har verdi for Nissedal-samfunnet – det kan til dømes skape arbeidsplassar, bidra til næringsutvikling, eller styrke lokalsamfunnet på andre måtar.

Kor mykje støtte kan eg søkje om?

+

Det heile kjem an på storleiken på prosjektet ditt. Støttebeløpet blir vurdert ut frå kostnadene og kva effekt prosjektet ditt kan ha for utviklinga i Nissedal. Vi ser på både små og store prosjekt, og tilpassar støtta deretter. Vi kan òg rettleie deg i å søkje om støtte hos andre relevante aktørar som Innovasjon Norge og Siva.

Om eg får støtte til prosjektet mitt – kor mykje papirarbeid blir det undervegs og i etterkant?

+

Det blir ikkje mykje papirarbeid. Omstillingsprogrammet i Nissedal er tufta på tillit og effektivitet. Vi ønskjer at tida di skal gå til å gjennomføre prosjektet, ikkje til dokumentasjon. Det blir nokre enkle rapportar, men vi held byråkratiet på eit minimum.

Kor lenge varer omstillingsperioden for Nissedal?

+

Omstillingsperioden varer i om lag 5 år. I denne perioden skal vi jobbe aktivt for å utvikle nye moglegheiter, støtte initiativ og bygge eit meir robust næringsliv i kommunen.

Hva skjer i Lyft Nissedal?